Vi søkjer ein engasjert og trygg sjukepleiar til 94% fast stilling i avdeling for personar med demens!
Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både meiningsfull, variert og – ikkje minst – full av menneskemøter. Vi ønskjer oss ein kollega som ser mennesket bak sjukdommen, som møter andre med varme og respekt, og som bidreg til at både bebuarar og kollegaer har gode dagar. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Vi trur på at gode dagar blir skapte saman.
Så – har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Då håpar vi å høyre frå deg!
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
Reset 14
6040 Vigra
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5185751039
Stillingsprosent: 94%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.