Heimetenesta har ansvar for om lag 160 brukarar og yter tenester både i omsorgsbustader og i private heimar rundt om i bygda. Arbeidsdagane er varierte, innhaldsrike og prega av faglege utfordringar, raske omstillingar og meiningsfulle møte med menneske. Vi har ei samansett personalgruppe med brei erfaring og ulik fagbakgrunn. Saman arbeider vi for å gi heilskaplege, koordinerte og framtidsretta tenester der brukarane sine ressursar og mål står i sentrum. Heimetenesta i Gol kommune søker ein engasjert og fagleg sterk helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for innbyggjarane våre. Vi tilbyr ei fast 100 % stilling. Hos oss får du bruke breidda i kompetansen din, arbeide tett på menneske i ulike livssituasjonar og vere med på å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester. Vi er opptekne av kvalitet, fagutvikling og personsentrert omsorg, og vi legg stor vekt på godt samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi nyttar i dag Gerica som journalsystem, og vil ta i bruk nytt EPJ-system frå 2027.
Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt.
Dersom du ønskjer ein meiningsfull jobb der du får kombinere fag, omsorg og menneskemøte – då håpar vi du sender inn søknad. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Benytt elektronisk søknadsskjema. Alle søkarar får kvittering på at søknaden er motteken, når det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist: 30.08.26
Link til søknadsskjema:
Søk herGol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og huser ca. 4 700 innbyggere. Universitetet i Sørøst-Norge etablerer et Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Golnøklene, samskaping, innbyggerdialog og bærekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkende og fastboende. Vi kan tilby svært gode forhold for en aktiv fritid, enten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligger midt imellom øst og vest med kort vei til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som binder oss sammen med Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny 1-10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud med både videregående skule, folkehøyskole og snart et universitet.