Vil du skape gode måltidsopplevingar og bidra til livskvalitet for eldre og andre brukarar?
Ved Måltid og ernæring på Sykkylven bu- og aktivitetssenter har vi ledig 80 % fast stilling som faglært kokk, med dagarbeid og arbeid kvar fjerde helg.
Hos oss står matglede, kvalitet og ernæring i fokus. Vi lagar heimelaga og næringsrik mat etter kok-server-prinsippet, og leverer måltid til bebuarar, dagsenter og heimebuande.
• Produksjon av varm og kald mat
• Baking og tilrettelegging av måltid
• Oppfølging av avdelingar i spørsmål om mat og ernæring
• Varebestilling, mottak og kvalitetskontroll
• Reinhald, oppvask og dagleg drift av kjøkkenet
✅ Har fagbrev som ernæringskokk, institusjonskokk eller anna relevant matfagleg utdanning
✅ Har interesse for ernæring, spesialkost og kvalitet i alle ledd
✅ Arbeider sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidsevner
✅ Brenn for gode matopplevingar og service
Vi tilbyr
💙 Ei meiningsfull stilling der du bidreg til matglede og livskvalitet
💙 Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
💙 Varierte arbeidsoppgåver og fagleg utvikling
💙 Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
💙 Løn etter gjeldande tariffavtale
Vil du bli ein del av laget vårt? Vi gler oss til å høyre frå deg! 🍽️✨
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5195979896
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!