Brattvåg ungdomsskule har ledig ei 70 % vikarstilling som elevassistent, med oppstart så snart som mogleg. Vikariatet varer i tre månader, med moglegheit for forlenging.
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, tett ved Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette, og elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Vi er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, og vi arbeider digitalt i Teams og Office 365.
Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn og ungdom. Vi har eit arbeidsmiljø med fokus på godt samarbeid og høg trivsel, både saman med elevar og kollegaer.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Ønskjer du å vere med å forme framtida til ungdommane i Haram? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Silje Lødøen Fiksdal, Assisterande rektor, 95831350, silje.lodoen.fiksdal@haram.kommune.no
Lars Flem Åkre, Tenesteleiar/rektor, 95861787, lars.flem.akre@haram.kommune.no
Dalevegen 50
6270 Brattvåg
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5189513747
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 19.10.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.