Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.
Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.
Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell?
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Hos oss er det viktig at du:
For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje
Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5198975193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 16.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.