Oppgi gjerne i søknaden kva stiling du er interessert i, og om begge er aktuelle.
Arbeidstid
Stillinga inngår i 3-delt turnus
Arbeid kvar tredje helg
Om avdelinga
Ortopedisk sengepost har omlag 38 årsverk fordelt på sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeiderar. Vi held til i nye og moderne lokale i "Livabygget".
Du vil møte pasientar innan:
Førde - Sunnfjord kommune
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund.
Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst.
Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen.
Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Håvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5147109916
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 26.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.