Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vi har ledig stilling som sjukepleiar, 70 % vikariat ved Kirurgiske poliklinikker SNR!
Ønskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere sjølvstendig poliklinisk arbeid med tverrfagleg samarbeid og akuttmedisinske utfordringar?
Stillinga omfattar arbeid ved osteoporosepoliklinikken på dagtid, og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort fagleg ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og godt humør.
Litt om stillinga:
På dagtid vil du arbeide ved osteoporosepoliklinikken, der målet er å førebyggje nye brot og sikre god utgreiing og behandling av pasientar med osteoporose. Poliklinikken blir driven sjølvstendig av sjukepleiarar i tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Eigne pasientkonsultasjonar
Rettleiing og oppfølging av pasientar
Gjennomføring av infusjonsbehandling
Samhandling med aktuelle faggrupper
Skadepoliklinikken i akuttmottaket
Stillinga inkluderer også arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken. Her møter du pasientar med brot- og skadeproblematikk, i tillegg til andre kirurgiske og ortopediske problemstillingar.
Arbeidet skjer i tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og gir ein variert og spennande arbeidskvardag.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du: Ein variert arbeidskvardag med brei pasientkontakt
Høg grad av fagleg sjølvstende
Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
Moglegheit til fagleg utvikling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Bli med på laget!
Vil du vere med og bidra til trygg, kunnskapsbasert og framtidsretta pasientbehandling? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Tilsetjing etter avtale med leiar.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.
Vi søkjer deg som:
Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, Ida.Gule@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5196177324
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 10.11.2026