Me i Organisasjon og innbyggarkontakt søkjer ein engasjert og strukturert konsulent/spesialkonsulent i 100 % fast stilling. Dette er ei spanande stilling for deg som likar å ha mange ballar i lufta, trivst med varierte arbeidsoppgåver og ønskjer å bidra til gode tenester.
Fordi du likar å ha kontroll på detaljane, men samtidig trivst med å vere ein del av eit lag som heiar på kvarandre. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø ikkje berre fine ord – det er kvardagen vår. Me jobbar saman, ler saman og løyser utfordringar saman.
Du blir ein viktig støttespelar for einingsleiarane innan oppvekst og helse, og får varierte oppgåver som gjer arbeidskvardagen både spanande og lærerik.
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår.
Les meir på kommunen si heimeside om:
Link til søknadsskjema:
Søk herOm Suldal kommune
Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt. Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv. Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk. Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.