På jakt etter ein jobb med varierte arbeidsoppgåver og meiningsfulle dagar?
Røyrvika omsorgsbustadar ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både sentrum og buss- og togstasjon. Me tilbyr bustad og oppfølging til 22 bebuarar med ulike ressursar, behov og livssituasjonar. Fleire har samansette helsebehov og mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgstenester.
Røyrvika er ein del av eininga Psykisk helse og rusarbeid, og me arbeider for å skapa trygge og gode rammer der den enkelte bebuar kan oppleva meistring, utvikling og livskvalitet. Her møter du menneske med samansette behov, noko som gir både faglege utfordringar og moglegheiter for læring og utvikling.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø med om lag 60 tilsette fordelt på 30 årsverk. Me legg stor vekt på samarbeid, fagutvikling og brukarmedverknad, og me arbeider kontinuerleg for å utvikla tenestene våre. Samstundes er me opptekne av å ta vare på kvarandre og skapa eit arbeidsmiljø, prega av openheit, støtte og godt humør.
Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du få moglegheit til å påverka eigen turnus gjennom turnusplanlegginga.
Me har ledig fleire stillingar :
100% fast, 1 stilling som helsefagarbeidar.
100 % vikariat, 2 stillingar som helsefagarbeidar. Vikariat i eitt år, med moglegheit for forlenging.
Helgestillingar (ca. 13-20%), 3 faste stillingar, herav ei 1 nattstilling og 2 dag/kveld stillingar. Nokre av helgene er kvar 3. helg og andre kvar 4. med langvakter
Oppstart etter avtale.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og /eller karakterutskrift kan du henta på Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja generell og/eller yrkesgodkjenning fra Direktoratet for høgarer utdanning og kompetanse (HKdir)
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Me legg særleg vekt på evna til å samarbeida godt med ulike faggrupper til beste for bebuarane.
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Bjørg Bø McDowell, Avdelingsleiar, +47 95818646
Røyrvika 3a
4340 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5157066780
Stillingsprosent: 100, 20%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 17.08.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.