Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode relasjonar og gjere kvardagen litt enklare og tryggare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter.
Me har no ledig ei 80 % fast stilling som heimehjelpar (stillinga kan bli utvida til 100% på sikt ved andre avgangar). Til denne stillinga ser me etter deg som er autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar, då arbeidet vil innebere både praktisk bistand og helsehjelp.
Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å meistre kvardagen og halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du blir ein del av kvardagen til menneske som set pris på både hjelpa, tryggleiken og den gode kontakten du bidreg med.
Stillinga kan også innehalde praktiske oppgåver og helsehjelp på sjukeheim.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tilpassa behova til den enkelte brukar. Du vil mellom anna utføre praktisk bistand i heimen og naudsynt helsehjelp, og arbeidet gir rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med andre.
Den som vert tilsett vil også bli ein del av eit kartleggingsteam som er under utvikling. Gjennom dette arbeidet vil du vere med på å kartlegge kva behov brukarane har, og bidra til at dei får rett hjelp og oppfølging. Sidan teamet er under utvikling, vil du også få høve til å bidra i utforminga av korleis me skal arbeide framover.
Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du ser den enkelte sine behov og ressursar og er oppteken av å bidra til at brukarane kan oppleve tryggleik og meistring i eigen kvardag.
Du tek ansvar for eigne oppgåver og trivst med å arbeide sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper.
Me ynskjer at du:
Personlege eigenskapar og at du er eigna for arbeidet vil bli tillagt stor vekt.
Erfaring frå heimetenesta, eldreomsorg eller liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.
I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla.
Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du får brukt den helsefaglege kompetansen din, samtidig som du får vere tett på menneske og bidra til at dei kan meistre kvardagen i eigen heim.
Me tilbyr:
Ynskjer du ein variert jobb der du får kombinere praktisk bistand med helsefaglege oppgåver, og samtidig bidra til at eldre kan bu trygt heime så lenge som mogleg? Då håpar me å høyre frå deg.
Andre opplysningar:
- Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
- Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.
Link til søknadsskjema:
Søk herNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.