Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje.
Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.
Andre opplysningar:
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975
Revahaugvegen 4
3880 Dalen
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5154810946
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.08.2026
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.