Kva med å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø og samstundes ha kort avstand til flott natur og moglegheit for mange opplevingar?
DET er det ikkje mange som kan tilby, men me kan, fordi anestesiavdelinga ved Voss sjukehus treng ein ny leiar.
Den dyktige og trivelege seksjonsoverlegen vår skal bli pensjonist. Bra for han, synd for oss, og ei eineståande moglegheit for ein overlege i anestesi med ein leiar i magen! Ei 100 % stilling som seksjonsleiar i Voss anestesilegar kan bli din frå 01.03.2027, eventuelt frå eit nærare avtalt tidspunkt.
Voss sjukehus er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 31 000 innbyggjarar i Indre Hordaland, og har i tillegg pasientar frå Bergen, indre Sogn og Hardanger. Me har akuttberedskap innan både kirurgi, føde/gynekologi, ortopedi og indremedisin. Her møter du eit oversikteleg sjukehus med korte linjer, tett samarbeid og raske avgjerder - og om lag 400 engasjerte medarbeidarar som jobbar saman for å levere gode tenester. Me har eit inkluderande miljø med rom for både fagleg vekst og fordjupning.
Voss Anestesi legar har stillingsheimlar for 5 fast tilsette overlegar i anestesi, i tillegg til seksjonsoverlege, og for 1 fast tilsett LIS 3. Som seksjonsoverlege i anestesi ved Voss sjukehus får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Du jobbar tett med dyktige kollegaer innan fleire fagområde og får brukt og vidareutvikla brei klinisk kompetanse i eit miljø som vektlegg samarbeid, tryggleik og kvalitet. Breidda i behandlingstilbod gjev deg særleg god erfaring innan avansert handtering av vanskelege luftvegar og ultralydrettleia nerveblokadar. Me har kapasitet til kortare respiratorbehandling og samarbeidar tett med Intensivmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus når pasientar treng lengre forløp.
Les meir om Voss sjukehus på heimesida.
Vossabygda har mykje å by på i tillegg til vår gode arbeidsplass. Tilgang til mange ulike fritidsaktivitetar og eit variert kulturtilbod finn du berre nokre steinkast frå sjukehuset.
Birger Norderud Lærum, Direktør, +47 56533763
Sjukehusvegen 15
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5187283173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.