Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Barne- og ungdomsavdelinga, poliklinikken, har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar med oppstart snarast.
Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av barn og ungdom i alderen 0–18 år innan fleire pediatriske fagområde. Vi følgjer opp pasientar med både akutte og langvarige helseutfordringar, og har eit sterkt fokus på kvalitet, pasientmedverknad og gode pasientforløp.
Som sjukepleiar ved poliklinikken får du ein variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende, tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og moglegheit til å bidra til vidareutvikling av fag og tenester.
Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming). Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig eit vikariat i turnus. Vi ber søkjarane opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, 992 93 641
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5200763624
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.