Kom og bli med oss! Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert, lærerik og meiningsfull arbeidskvardag.
Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin. Du blir ein del av eit fagmiljø der samarbeid, kompetansedeling og utvikling står sentralt, og der du får høve til å byggje brei klinisk erfaring.
Nevrologi og rehabilitering sengepost er lokalisert i 4. etasje i nybygget LIVA og har 26 moderne einerom. Sengeposten omfattar 12 nevrologisenger, inkludert to overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Vi har også åtte senger innan spesialisert rehabilitering og ei treningsleilegheit, der vi følgjer pasientar gjennom viktige steg på vegen tilbake til kvardagen. I tillegg har vi fem medisinske senger med hovudvekt på indremedisinske tilstandar.
Hos oss møter du pasientar i ulike fasar av sjukdom og rehabilitering, noko som gir ein spennande og variert arbeidskvardag. Vi er stolte av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Har du interesse for nevrologi, rehabilitering eller indremedisin, håpar vi at du vil søkje hos oss. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, 924 99 376
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5173390540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 26.10.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.