Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Giske skule og SFO frå snarast til 31.07.2027.
Giske skule er ein 1 – 7 skule med 84 elevar. Rundt 25 av desse går på SFO.
Visjonen vår er «Ein god stad å vekse» - Vi samarbeidar, vi undrar oss, vi utviklar oss og vi er rause. Giske skule har fokus på praktisk, variert og aktiv læring, mellom anna gjennom uteskule, leik og fysisk aktivitet. Lesing, skriveglede og bruk av skulebiblioteket er viktige delar av arbeidet med å skape lærelyst og gode læringssituasjonar.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Menn blir oppfordra til å søkje. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Christine Langeland, einingsleiar/rektor, 41675114
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5198460195
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 09.11.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.