I Barnesengeposten har no ledig ei 100% fast stilling frå og med 1.november 2026. Vi har også ledig vikariat 80% frå snarast til og med 31.12.26.
Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved intern omrokkering.
Vi søkjer etter sjukepleiar som har interesse, kompetanse og engasjement for å arbeide med den «nye» generasjonen, og som vil vere med å vidareutvikle seksjonen vår. Vi tek imot barn og unge frå 0–18 år innan barnemedisin, kirurgi/ortopedi, ØNH og auge.
Vi vil gjere vårt beste for at du skal trivast og håper at du vil vere med oss på laget i Noregs mest moderne sjukehus på Hjelset. Er du usikker eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt! Du er velkomen som søkjar!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Mari Elise Morch, Konstituert seksjonsleiar, mari.elise.morch@helse-mr.no
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5164120508
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 14.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.