Volda Bygg AS søkjer tømrarar i 100 % fast stilling
Vi har godt med arbeid framover og ønskjer å styrke laget vårt med to dyktig tømrarar med fagbrev.
Vi ser etter deg som:
har fagbrev som tømrar
jobbar sjølvstendig og tek ansvar for eige arbeid
er løysingsorientert og opptatt av å levere godt handverk
samarbeider godt med kollegaer, kundar og andre fag
har førarkort klasse B
beherskar norsk eller eit skandinavisk språk
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både nybygg, rehabilitering og andre spennande byggeprosjekt i nærområdet. Vi er ein lokal gjeng som legg vekt på godt handverk, samarbeid og at folk skal trivast på jobb.
Hos Volda Bygg får du:
konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
varierte arbeidsoppgåver og prosjekt
ein arbeidskvardag med mykje ansvar og moglegheit til å påverke
eit godt og uformelt arbeidsmiljø
Volda Bygg AS er ein del av Vågegruppa, og hos oss blir du ein del av eit lokalt og solid fagmiljø med kompetanse innan fleire delar av bygg- og anleggsbransjen.
Vi utfører både nybygg, rehabilitering og andre spennande byggeprosjekt, hovudsakleg i Volda og nærområdet. Vi legg vekt på godt handverk, samarbeid og at folk skal trivast på jobb.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.