Du vil få moglegheit til å vere med å utvikle og forme ny skulestruktur med framtidsretta blikk på pedagogikk, oppvekst og opplæring. Vi vil ha auka fokus på praktisk læring, nærmiljø, mangfald og venskap. Som ein del av rektor si leiargruppe vil du få moglegheit til gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar einaste dag. Du vil ha ei sentral rolle i skuleutvikling i Sande kommune og fungere som rektor sin faste stadfortredar. Vi søkjer ein tydeleg, engasjert, strukturert , relasjonssterk og utviklingsorientert assisterande rektor med blikk for alle og hjarte for den einskilde.
Som assisterande rektor vil du få eit betydeleg medansvar for den daglege drifta og langsiktige utvikling. Du vil ha nøkkelfunksjon i arbeidet med å styrke læringsutbytte og trivsel for barn og ungdom, og du vil vere sentral i utvikling av samhald og profesjonsfellesskap. Dette er ei leiarstilling for deg som liker høgt tempo, raske avgjersler, evner å skape arbeidsglede og som ynskjer ein innovativ framtidsretta skule. Nokre av oppgåvene vil innebere:
Trur du at du kan ha fortrinnsrett til stillinga? Du kan lese meir om fortrinnsrett på Sande kommune sine heimesider
Tilsetjing skjer etter kommunalt avtaleverk og på dei vilkår som kjem fram av lover, reglement og tariffavtalar.
Det takast atterhald om endring av tenestestad, ansvars- og arbeidsområde samt eventuelle tilpassingar i stillinga sitt innhald etter kommunens skiftande behov.
Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort
Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131
Vågen 10
6082 Gursken
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5152337017
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.