Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.
Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver:
- Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald
- Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar
Som helsefagarbeidar/sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp.
Vi har ledig fast stilling i 80 % stilling med arbeidstid organisert på natt, med arbeid kvar andre eller tredje helg.
Vi har i tillegg eit vikariat på 100 % stilling på natt.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Camilla Higraff, Einingsleiar (vikar), 47998618, Camilla.okland.higraff@sande.kommune.no
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5150758488
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.