Dagaktiviteten er eit viktig førebyggjande og helsefremjande tilbod som skal bidra til meistring, sosial deltaking og gode dagar for våre brukarar slik at dei kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Tilbodet lokaliseres på to lokasjonar:
Ølen omsorgssenter:
Vindafjordtunet, to grupper:
Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar vil du ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for drift og utvikling av dagaktivitetstilbodet. Du vil og vera ein synleg leiar som er tett på både medarbeidarar, brukarar og pårørande.
Stillinga er på dagtid og inneber oppmøte ved begge sentra etter behov. Ein dag per veke er satt av til administrative oppgåver, med det må og reknast med administrative arbeidsoppgåvar på andre dagar.
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ønskjer ein medarbeidar som:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.