Vil du vere med og utvikle framtidas fylkesvegar i Nordhordland?
Vestland fylkeskommune har ansvar for eit omfattande fylkesvegnett som knyter regionen saman og gir trygg og føreseieleg ferdsel for innbyggjarar og næringsliv.
Infrastruktur og veg (INV) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland. Byggherremiljøet er delt i fire geografiske einingar: Vegbygging Nord, Vegbygging Sør, Vegbygging Bergensområdet og Vegbygging Vest.
Som teknisk byggeleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølging og gjennomføring av utbyggingsprosjekt.
Dine viktigaste oppgåver vil vere:
Du vil jobbe tett saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og interne prosjektressursar. Me nyttar modellbasert prosjektering i gjennomføringa av dei fleste prosjekta.
Krav
Ønskeleg erfaring
Har du erfaring frå entreprenør, rådgjevar eller byggherre oppmodar vi deg til å søkje.
Vi oppmodar også nyare kandidatar med relevant erfaring til å søkje.
Vi søkjer ein teknisk byggeleiar som er engasjert, strukturert og resultatorientert med god gjennomføringskraft. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med å arbeide både internt i organisasjonen og i dialog med eksterne aktørar.
Du bidreg fagleg og sosialt til eit godt arbeidsmiljø.
Våre verdiar
– kompetent, open og modig – og visjonen vår, nyskapande og berekraftig, skal vere ei rettesnor for alt vi gjer.Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt, og vi er opptekne av å støtte kvarandre og utvikle kompetansen i fellesskap.
Vi tilbyr også gode pensjons- og forsikringsordningar.
Andreas Knarvik Kolås, Seksjonsleiar, 92255979, andreas.knarvik.kolas@vlfk.no
Galteråsen 7c
5916 Isdalstø
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149891786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.