Likar du å leggje til rette for leik, aktivitet og læring, og ønskjer du å bidra til at elevar utviklar seg både sosialt og fagleg?
Ved Julsundet skole, som ligg på fastlandet berre eit kvarters køyretur frå Molde, har vi no ledig ei 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar.
På Julsundet skole er vi opptekne av å byggje eit sterkt lag rundt elevane. Vi har tru på utvikling gjennom samarbeid og samhandling, der ulike yrkesgrupper bidreg med sin kompetanse og arbeider saman for elevane sitt beste.
Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. Saman skal vi leggje til rette for læring for alle og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle.
Personlege eigenskapar
Tilsetjing så snart som mogeleg.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf. offentleglova § 25. Du blir varsla om ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad:
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Søk via knappen "søk her".
Link til søknadsskjema:
Søk herAukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund.
Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane legg vi til rette for læring for alle elevar og stimulerer den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eigne evner. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle
Julsundet skole er ein 1-10-skole med om lag 45 tilsette og 250 elevar. Personalet her på Julsundet skole er fagleg dyktige, har stort engasjement, godt humør og godt samhald. Skolen ligg 15 kilometer vest for Molde.