Stillinga vil vera organisert under Nav Voss, men arbeidsstaden vil vera på Bustadkontoret. Bustadkonsulent arbeider med å skaffe dei svakare stilte i heradet eigen bustad, hjelp til å behalda bustad, meistra eigen busituasjon og å finna sin stad i heimemiljøet. Bustadkonsulenten forvaltar dei ordinære kommunale utleigebustadane, omsorgsbustadane og bustadar for flyktningar. Konsulenten har ansvar for saksbehandling av søknader om kommunale bustadar og bustadoppfylging. Konsulenten arbeidar tett saman med andre kommunale avdelingar.
Tilsetjing snarast.
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande