Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Eidsdal - Linge, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Norddalsfjord.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Kvileordning på nattskift og lange samanhengande friperiodar gir god balanse mellom jobb, familie og fritid. For dei som ønskjer å pendle, blir det utbetalt køyregodtgjersle for halvparten av reisene til og frå jobb. Ved behov er det også moglegheit for hybelordning i Eidsdal.
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518
6210 Fjord
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5152402282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.