Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Fastlege / ALIS til Selje legekontor
Ønskjer du ei trygg og god inngang til allmennmedisin? Stad kommune tilbyr stilling som ALIS (Allmennlege i spesialisering) med tett oppfølging, gode rammevilkår og eit sterkt fagmiljø. Vi søkjer no fastlege til Selje legekontor, og både ALIS-legar og spesialistar i allmennmedisin er velkomne til å søkje. Vi ønskjer også søknadar frå legar som er interesserte i vikariat både til Selje og Eid legekontor.
Stad kommune har dei siste åra arbeidd målretta for å redusere arbeidsbelastninga og skape ein betre arbeidskvardag for fastlegane våre. Vi ønskjer å utvikle legetenesta vidare i tett samarbeid med legane, og søkjer deg som vil vere med på laget. Listelengd på heimlane i Selje er mellom 800 og 900 pasientar, kommunen er opne for å opprette ein fjerde heimel i Selje .
Om legetenesta
Stad kommune har to kommunalt drivne legekontor og 13 fastlegeheimlar. Ti fastlegar og éin LIS1-lege held til ved Eid legekontor, medan dei øvrige heimlane er ved Selje legekontor.
Fastlegane er sjølvstendig næringsdrivande, og det er ingen kostnader knytt til overtaking av heimel (ingen goodwill). Alle legane har forsterka 8.2-avtale, der kommunen held lokale, medisinsk utstyr og hjelpepersonell.
Gjennom avtalen er legane sikra:
Legevakt og kommunale oppgåver
Den kommunale daglegevakta måndag til fredag kl. 08.00–16.00 vert fordelt mellom legane. Kveld-, natt- og helgevakt er organisert gjennom interkommunal legevakt ved Nordfjord sjukehus.
Vaktbelastninga er om lag tre vakter per månad, med vaktlengde på inntil ni timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunal legevakt. Legevakta er alltid bemanna med to sjukepleiarar, og fem kommunale ØHD-sengeplassar er samlokaliserte med legevakta.
Det kan òg vere aktuelt med kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.
Fagmiljø og utdanning
Legekontoret nyttar journalsystemet Infodoc frå EG.
På Nordfjordeid ligg Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, distriktspsykiatrisk senter med døgntilbod og regional ruspost. Sjukehuset tilbyr også institusjonsteneste for ALIS-legar etter gjeldande utdanningsordning.
Enten du er på veg inn i allmennmedisinen eller er erfaren spesialist, tilbyr Stad kommune eit inkluderande kollegium, solide rammer og moglegheita til å vere med og utvikle framtidas fastlegeteneste.
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.
Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Linda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Thomas Vingen Vedeld, Kommuneoverlege, 97 00 44 92, thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no
Seljetunvegen 11
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152103278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!