Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Ved BUP Stord har vi ledig ei 100 % fast stilling som overlege eller lege i spesialisering (LIS 3), med arbeidsstad ved Husnes-/Odda-kontoret. Stillinga kan òg vere aktuell som praksis i spesialiseringsløp, til dømes i allmennmedisin.
Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0–18 år). Opptaksområdet vårt omfattar seks kommunar: Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang.
BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing og er delt inn i fire team. Poliklinikken har 25 fagstillingar. Kontora på Husnes og i Odda er utekontor for BUP Stord og gir tilbod til pasientar frå Ullensvang og Kvinnherad.
I dag har vi tre fagstillingar og ein merkantilt tilsett med fast kontorstad på Husnes, og tre fagstillingar ved Odda-kontoret. Alle er knytte til team ved BUP Stord.
På Stord har vi eit breitt tverrfagleg fagmiljø med god overlege- og spesialistdekning. Overlegen ved Husnes-/Odda-teamet deltek i faste legemøte og har tett kontakt med overlegane på Stord. Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra. Overlegar ved BUP Stord inngår per i dag ikkje i vaktsystemet. Det er mogleg å ha kontorbase både på Husnes og i Odda.
Som LIS 3 deltek du fast på teammøte og internundervisning ein gong i veka. Du får ein fast rettleiar og følger både LIS-undervisning og internundervisning. Du blir òg ein del av eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fagmiljø.
Vi legg til rette for individuelt tilpassa utdanningsløp, der vi legg vekt på dine faglege interesseområde, i samsvar med dei overordna utdanningskrava.
Vi søker engasjerte og fagleg interesserte legar som vil vere med på å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga!
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingvild Kaldråstøyl, Funksjonsleiar, +47 534 91220, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.no
Stølshaugvegen 5
5460 Husnes
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187681611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.