Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Vil du bidra til at viktige klimatiltak og verkemiddel blir følgde opp på ein god måte? Har du lyst til å jobbe med EU sitt klimakvotesystem for skipsfart i Noreg? Er du og interessert i maritim sektor, kan dette vere stillinga for deg.
Klimakvotesystemet er ein av hjørnesteinane i klimapolitikken til både EU og Noreg. I denne stillinga får du vere med på å utvikle og forvalte klimakvoteregelverket for maritim transport i Noreg. Du vil følgje opp EU-regelverk og få innsikt i teknologiutviklinga i maritim sektor. Arbeidskvardagen vil vere variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert miljø.
Seksjon for klimakvoteregisteret og skipsfart (KKS) er éin av sju seksjonar i klimaavdelinga og éin av tre seksjonar som arbeider med EUs kvotesystem. Arbeid med kvotesystemet krev tett samarbeid på tvers av avdelinga.
Stillinga har arbeidsplass på kontoret vårt sentralt på Helsfyr i Oslo.
Stillinga er eit vikariat på eitt år.
Det er ein fordel om du har kunnskap om maritim sektor eller erfaring med klimaarbeid frå industri, luftfart eller skipsfart.
og vere ein person som
Har du spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du kontakte seksjonsleiar Herdis Laupsa på e-post herdis.laupsa@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 80-2026 KKS når du tek kontakt.
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Der svarar du på norsk på spørsmål knytte til interessa di for og kompetansen din til stillinga. Du skal ikkje skrive ein tradisjonell søknad. Legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.