Søk utdanningsstilling og bli spesialsjukepleiar - ta steget mot framtidas helsevesen!
Helse Møre og Romsdal Volda sjukehus har eit behov for spesialsjukepleiarar og no lyser vi ut ei utdanningsstilling innan operasjon. Som spesialsjukepleiar hos oss blir du ein nøkkelperson i utviklinga av framtidas sjukehustilbud i Møre og Romsdal. Du vil jobbe i spesialavdeling saman med dyktige kollegaer og vere med på å forme eit nytenkjande helsevesen.
Vi søker deg som ønsker fagleg utvikling, interessante utfordringar og ein givande jobb!
Er du klar for å ta neste steg? Bli med oss - din kompetanse gjer ein forskjell!
For deg som søker operasjonssjukepleie ved NTNU, gjer deg kjent med informasjonen på NTNUs heimesider. Ver merksam på avsnittet om å Avslutte etter 90 studiepoeng, og sjå semesterplan for kull 2026. Utdanningsstillingane gjeld dei som søker master i spesialsjukepleie, og vel utdanningsløpet (90 studiepoeng) og er ferdig uten mastergrad i januar- februar 2028. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan AIO.
Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tjenestebevis (datert 2026) og referansar innan 17. juli 2026. Ansvarleg leiar i fagmiljøet avgjer kven som får tilbud om utdanningsstilling.
Primært gjeld tilbodet om utdanningsstilling for sjukepleiar som ikkje allereie er spesialsjukepleiar.
Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut fra gjeldande retningslinjer. Du må ha fått plass på studiested for å få tilbud om denne stillinga.
Studentar frå alle relevante utdanningsinstitusjonar er velkomne til å søke.
Relevant arbeidserfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel
Oppgi referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold
Personleg eignaheit blir vektlagd
Når du har fått studieplass, last opp bekreftelse på dette i din søknad på Webcruiter og send samtidig e-post via Webcruiter om at du har fått studieplass.
Avdelinga med utdanningsstilling tek gjerne i mot deg for hospitering. Ta direkte kontakt med seksjonsleiar for avtale.
Søknadsfrist for utdanningsstillinga er 17.07.26
Camilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5154222603
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Søknadsfrist: 17.07.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.