Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus har ledig stilling som drifts- og serviceteknikar med hovudvekt på ventilasjon.
Avdelinga består av 15 medarbeidarar med kompetanse innan fleire fagormåde. Dette er ei spanande og utfordrande stilling der du får vere med på å vidareutvikle og styrkje den tekniske drifta i helseføretaket.
Arbeidstid
Inngå i vaktordning må påberegnast på sikt
Oppstart
Snarast mogeleg eller etter nærare avtale.
Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar kvinner til å søkje.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Jan Ove Steinseth, Seksjonsleiar, (+47) 992 88 838
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5155828361
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.