Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 01.11.2026.
Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode.
Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.
Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.
Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass.
Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5182354512
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.