Vil du vere med og skape ein god møteplass for ungdom?
Vi har ledig ei 20 % stilling knytt til ungdomsklubben og UKM.
Åseral ungdomsklubb er organisert under eining for kultur.
Dette er eit fritidstilbod for barn og unge i alderen 13-18 år. Det er klubbkveld kvar onsdag frå 17:00-21:30, og følger skuleruta.
Ungdomsklubben har eigne lokale i kjellaren i Åseral næringshus, "Bankkjellaren".
Stillinga inngår i eit team på tre personar som skal arbeide med planlegging, koordinering og utvikling av ungdomstilbodet, inkludert samarbeid med ungdomsrådet.
Vi ser etter ein engasjert og trygg vaksenperson som ønsker å bidra til eit inkluderande og godt miljø for ungdom
Arbeidstid
Arbeidstida er hovudsakleg lagt til onsdagar kl. 14:00–21:30, då dette er kvelden ungdomsklubben er open.
Det kan også vere behov for deltaking på enkelte møte og arrangement utanom fast arbeidstid.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi søker deg som:
Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må leggjast fram før tilsetjing. Attest utan merknad er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillinga.
Ann Kristin Tollefsen, Einingsleiar Kultur, 99493765, Ann.Kristin.Tollefsen@aseral.kommune.no
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5144287955
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.