Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som vi nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.
Longva barnehage har behov for ein vikar i 60 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Har du ikkje fagbrev, men anna relevant erfaring med arbeid med barn, så er det berre å søkje!
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
eit krav
språkkrav, jamfør Barnehagelova §27
Reidunn Rogne Flem, Styrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no
Øvstevegen 212
6293 Longva
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5189649589
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Sluttdato: 18.07.2027
Søknadsfrist: 26.10.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.