Vil du vere med og skapa trygge og gode dagar for andre, samstundes som du får verdifull erfaring innan pleie og omsorg? Vi søkjer etter ein engasjert og påliteleg medarbeidar i 20 % helgestilling. Hos oss blir du ein viktig del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der vi samarbeider for at kvar brukar skal få ei omsorgsfull og verdig teneste.
Ved å bli ein del av vårt team vil du ikkje berre bidra til å gi god omsorg og støtte til våre tenestemottakarar, men òg oppleva ei meiningsfull karriere med rom for fagleg og personleg utvikling. I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter,velvære tilbod og fysioterapi. Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herEtne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.