Vil du leie der syn møter framtid?
Vi søker Seksjonsleiar til Augeavdelinga, Poliklinikk. Vi ser etter deg som vil meir enn å drifte – du vil utvikle, inspirere og sette retning.
I Augeavdelinga skjer det mykje spennande. Teknologi, pasientbehandling og arbeidsmetodar er i stadig utvikling, og nå søker vi ein seksjonsleiar som vil vere med å forme framtidas poliklinikk – saman med eit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar.
Som seksjonsleiar får du ein sentral og synleg rolle i ein poliklinikk med høg aktivitet og stor betydning for pasientene våre. Du er bindeleddet mellom medarbeidarane, fag og drift, og har ansvar for å skape gode rammer for både kvalitet i behandlinga og effektiv organisering av kvardagen.
I denne rolla kombinerer du operativ leiing med utviklingsarbeid – du sørge for at den daglege drifta fungerer godt, samtidig som du driv forbetring og bidrar til å vidareutvikle tenestene våre. Du vil jobbe tett med dyktige fagpersonar, og vere ein pådrivar for samarbeid, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av trivsel og fagleg stoltheit. Du vil ha med deg tre assisterande seksjonsleiarar med ansvar for ulike deler av drifta i poliklinikken. Som ein del av avdelinga si leiargruppe får du også moglegheit til å påverke strategiske beslutningar og retninga vidare for Augeavdelinga.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kjetil Sævartveit, Direktør, 90831123
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5151471060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.