Arbeidsoppgåvene består av sal og service til våre gjester, reingjering og badevaktsfunksjon.
Du må vere fyllt 18 år, vere ein bra svømmer som har glede av det våte element. Det er eit fortrinn om du har kundebehandling frå før.
Om du har livredningsprøve med HRL-kurs er det eit fortrinn, men undervisning i dette vil du også få på Havhesten.
Du må ha godkjent livredningsprøve for å jobbe i Havhesten.
Vi trenger fleire mannlege badeverter, men kvinner må gjerne søke.
Vi ser etter personer med eit utadvent sinn og som liker å samarbeide i eit lite team.
Du må vere pliktoppfyllande, vere positiv med eit godt humør.
Varierte arbeidsoppgåver, gratistrening utanom arbeidstid, gode kollegaer og tarifflønn.
Magny Kalvøy Rogne, Dagleg leiar Havhesten, +47 91807070
Firdavegen 52
6900 Krokelandet
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5164547811
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 14.09.2026
Søknadsfrist: 27.08.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.