Seksjonsleiar
Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.
Den tilsette må kunne jobbe andre stadar ved behov.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn og har òg sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt, sikkerheitspost og vaksenhabilitering. Avdelinga har ca 200 årsverk og av desse er det 14 psykologar. Det er eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk.
Vi flytta inn i nytt moderne bygg i mars 2021 der vi har poliklinikk og 4 sengepostar med til saman 41 sengeplassar. Vi er samlokalisert med Førde BUP og vi ligg tett på Førde sentralsjukehus. Nybygget har ført til at fleire tilsette har blitt samla i eit større fagmiljø. Psykolog i spesialisering har høve til å kunne få all teneste som trengs for spesialisering i Førde.
DPS dag er ein poliklinikk for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Tilsette er tverrfagleg samansett med psykologar, legar og høgskuletilsette. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø. DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eBehandling, MBT, B4DT. Vi har eit oppsøkjande psykoseteam og er i ferd med å etablere eit FACT team.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5148829059
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.