Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus.
Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born.
Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken.
Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5172561498
Stillingsprosent: 80, 65, 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 18.10.2026