UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i fagkommunikasjon knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Vi oppmodar kandidatar med norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt som til dømes språkvitskap, medievitskap, journalistikk, statsvitskap, design eller geofysikk til å søkje. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innanfor fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret), som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt.
Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren.
Stillinga er knytt til fokusområde Terminologi og fagspråk i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Den som blir tilsett som stipendiat, vil delta i eit delprosjekt som skal forske på formidling av ekspertkunnskap innanfor området samfunnstryggleik og beredskap. Delprosjektet studerer korleis samfunnstrendar formar fagkommunikasjon og tilliten til denne, og korleis aktørar informerer befolkninga slik at ein kan ta informerte val i møte med naturfare, med perspektiv frå både brukarar, offentleg forvaltning og media.
Eit sentralt tema for arbeidet er korleis offentlege aktørar i Noreg, som Meteorologisk institutt (MET), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), NRK, DSB og Politiet, informerer om venta og pågåande kriser. Hovudfokuset for stipendiaten vil vere kommunikasjon knytt til naturfarar, med særleg vekt på farleg vêr og tilhøyrande varsel.
Målet med slik kommunikasjon er å gje innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar eit solid grunnlag for å ta informerte val, spesielt i samband med krisehandtering og eigenberedskap. Språket si rolle, både i tekst og visuelle framstillingar, står sentralt i prosjektet. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske korleis vêrvarsel, farevarsel og annan informasjon blir formidla gjennom multimodale uttrykk - som tekst, symbol, grafar, kart og bilete - for å forstå korleis bodskapen kan kommuniserast presist, effektivt og tillitsvekkjande til folk med ulike behov.
Det er òg aktuelt å undersøkje korleis samfunnstrendar påverkar denne typen fagkommunikasjon. Døme på dette kan vere nye teknologiar, auka bruk av kunstig intelligens (KI) i produksjon og distribusjon av informasjon, og endra forventningar frå publikum til offentlege aktørar.
Særleg relevant er korleis slike trendar påverkar tilliten til informasjon frå offentlege aktørar, og korleis denne tilliten kan styrkast gjennom tydeleg og målretta kommunikasjon.
Gjennom arbeidet får stipendiaten høve til å bidra til ny kunnskap om korleis offentleg kommunikasjon kan skape tryggleik og støtte både beredskapsapparatet og befolkninga si evne til å forstå og handtere naturfarar og krisesituasjonar.
Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne her.
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller telefon: +47 55583653 eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no eller telefon: +47 55583069 eller + 47 97604624.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.