Er du ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar som brenn for menneske, meistring og utvikling? Har du lyst til å bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell i kvardagen til vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov?
Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar i vår eining.
Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande fagmiljø, der vi arbeider målretta for at kvar enkelt brukar skal få moglegheit til å leve eit trygt, meiningsfullt og mest mogleg sjølvstendig liv.
Som vernepleiar hos oss får du ei variert og meiningsfull rolle, der du får bruke breidda i vernepleiarfaget. Du vil få bruke både relasjonskompetansen din, det miljøterapeutiske arbeidet og den helsefaglege kompetansen i oppfølginga av brukarane.
Vi legg vekt på fagleg utvikling, samarbeid og refleksjon, og du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle gode og heilskaplege tenester rundt den enkelte brukar.
Krav til kvalifikasjonar
Ønskjelege kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, og som har gode evner til å gjere vurderingar og utøve fagleg skjønn. Du ser ressursane og moglegheitene hos den enkelte, og er engasjert i menneske med eit ønske om å bidra til utvikling, meistring og gode kvardagar.
Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du er ein lagspelar som bidreg positivt i fellesskapet. Vi ønskjer også at du er løysingsorientert og fleksibel, og at du har eit ønske om å bidra til utvikling av tenestene.
Du har eit positivt menneskesyn og møter andre med respekt, varme og openheit.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgAustrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!