Medisinsk seksjon, Nordfjord sjukehus har ledig 100 % fast kombistilling som geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar:
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage/tarm, hjarte, lunge, infusjon, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade.
Medisinsk sengepost er ein spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
Denne kombistillinga gir ein variert og spennande arbeidskvardag med både poliklinisk arbeid og arbeid på sengepost. Hos oss får du ei bratt læringskurve, høve til å lære mange prosedyrar og tileigne deg brei kompetanse innan indremedisin, geriatri og akuttmedisin.
Vi har fokus på fagleg utvikling og tilbyr jamleg simuleringstrening, undervisning og kompetanseheving,. Samstundes er vi opptekne av eit godt arbeidsmiljø.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt kultur- og fritidstilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt.
Eldremedisinsk poliklinikk:
Medisinsk sengepost:
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig ar du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Maria Charlotta Berg Langvik, Einingsleiar medisinsk sengepost, (+47) 416 48 264
Arnstein Ivesdal, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, (+47) 578 64 031
Sjukehusvegen 14
6770 NORDFJORDEID
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5144050061
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 07.09.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.