Hardangerbadet søkjer ein framoverlent og engasjert fysioterapeut i 100 % fast stilling.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan kombinere individuell behandling med trening og aktivitet – både i basseng, treningssal og treningsrom.
Er autorisert fysioterapeut
Er framoverlent, initiativrik og løysingsorientert
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
Er trygg i møte med ulike menneske og aldersgrupper
Likar å vere aktiv og bidra i eit miljø med mykje aktivitet
Har interesse for trening, førebygging og rehabilitering
Ser moglegheiter og ønskjer å utvikle nye tilbod
Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag
Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, engasjement og vilje til å utvikle seg.
Hardangerbadet er meir enn eit tradisjonelt fysioterapimiljø. Her får du tilgang til eit allsidig anlegg med mellom anna basseng, treningsfasilitetar og ulike aktivitetstilbod.
Dette gir gode moglegheiter for å kombinere fysioterapi med trening, rehabilitering og førebyggjande arbeid -- og til å utvikle tilbod som møter behova til både barn, ungdom, vaksne og eldre.
Vi ønskjer ikkje berre ein fysioterapeut som kjem inn i ei ferdig stilling. Vi ønskjer ein person som har lyst til å vere med og forme stillinga og utvikle fysioterapitilbodet ved Hardangerbadet vidare.
Har du ein idé til eit nytt treningstilbod? Ser du eit behov hos brukarane våre? Då ønskjer vi at du tek initiativ og er med på å gjere ideane til verkelegheit.
Som fysioterapeut ved Hardangerbadet vil du mellom anna arbeide med:
Treningsgrupper i basseng
Babysymjing og symjeopplæring for born
Treningsgrupper i treningssal
Rettleiing og oppfølging i treningsrom
Individuell fysioterapibehandling
Kartlegging, rettleiing og oppfølging av brukarar
Bidra til å utvikle nye og eksisterande tilbod
Det er svært positivt om du har interesse for, eller ønskjer å arbeide med, symjeopplæring for born.
Hardangerbadet har gode moglegheiter for dette, og vi tilbyr nødvendig opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born.
Vi tilbyr
100 % fast stilling
Ein variert og aktiv arbeidskvardag
Moglegheit til å påverke og vidareutvikle fysioterapitilbodet
Moglegheit for å arbeide med både individuell behandling og gruppeaktivitetar
Opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born
Eit godt arbeidsmiljø
Arbeid i eit moderne og allsidig helse- og aktivitetstilbod
Moglegheit til å utvikle eigne faglege interesseområde
Hardangerbadet er eit moderne og allsidig bade- og treningsanlegg i Hardanger, med tilbod for både små og store. Anlegget har fleire basseng, stupetårn, vassklie, badstove, treningsrom, kafé og butikk. Me tilbyr aktivitetar og opplevingar for både mosjonistar, familiar og dei som treng tilrettelagd trening og rehabilitering. Hardangerbadet er ein viktig møteplass for aktivitet, helse og trivsel i regionen.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.