Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg!
I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering.
Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet.
Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet.
Linda Mæland Nipen, Seksjonsleiar, +47 41530118
Askedalen 2
6863 Leikanger
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149968771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.