Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Vårt mål er trygge barn, som trivast. Vi ynskjer å gje gode vilkår for omsorg, leik, læring og utvikling, og til dette treng vi fleire med på laget.
Bygstad barnehage har fem avdelingar og ligg i flotte og tilgjengelege naturomgjevnader med Bygstad skule som næraste nabo.
Begge stillingane er ledige frå 14.08.2026.
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 952 34 265 eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen, håpar vi du vil søke på stillingane i barnehagen vår!Kvalifikasjonar:
du har relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev
beherskar godt munnleg norsk
personlege eigenskapar vil bli vektlagt
erfaring og interesse for arbeid med barn
du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
du har gode evner til å leie barn
du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillingane.
Du søker elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.