Me har ledig 100 % fast stilling som Rådgjevar Eigedom med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og Kultur.
Rådgjevar Eigedom i Voss herad skal bidra til å utvikle og forvalte ein framtidsretta eigedomsportefølje som støttar heradet sine mål for samfunns- og tenesteutvikling. Stillinga har ei sentral rolle i å identifisere moglegheiter, greie ut utviklingsprosjekt og omsetje eigedomsstrategien til konkrete tiltak.
Rådgjevaren skal vere ein pådrivar for utvikling av eigedomsporteføljen, effektiv arealbruk, verdiskaping og berekraftige løysingar, og bidra til å utvikle eigedom som eit strategisk verkemiddel for Voss herad. Stillinga omfattar òg ansvar for forvaltning av eigedomsporteføljen, mellom anna utvikling og oppfølging av leige- og bruksavtalar, kontraktsforhandlingar, fakturering og systematisk gjennomgang av eigedomsmassen. Vidare inngår handsaming av juridiske og eigedomsfaglege problemstillingar knytt til eigedomsgrenser, hefter, kontraktsvilkår, reguleringsplanar, utbyggingsavtalar og anna relevant lovverk.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, der våre tilsette reflekterer breidda i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, etnisk bakgrunn eller kulturell erfaring.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentligheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande