Vi har ei ledig 100 % stilling som fagarbeidar i Mona barnehage/Bakkelidgrenda barnehage. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vert tilsetting av assistent vurdert. Vi treng og tilkallingsvikarar og vikarar for kortare periode. Det kan vere aktuelt å tilsetje lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget om det er nokon som vurderar å ta fagbrev.
Mona barnehage har seks avdelingar og ligg sentralt på Sandane. Våre satsingsområder er mellom anna språk, friskliv og tidleg innsats. Bakkelidgrenda barnehage er ein liten barnehage lokalisert på Vereide med to avdelingar med fokus på uteaktivitet. Den eller dei som vert tilsett må rekne med å kunne arbeide begge stader i løpet av barnehageåret.
Barnehagen er sertifisert som Trafikksikker barnehage og Miljøfyrtårn.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding.
Lisbeth Risøy Kvellestad, Styrar Bakkelidgrenda barnehage, 99547185
Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Grandavegen 9
6823 Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5160584309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.