Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Ringavløysar på 3-6 gardsbruk i Rosendal
Vi ser etter deg som har gardserfaring frå tidlegare, er utdanna agronom, eller generelt har lyst til å jobbe med landbruk.
God fysisk helse og arbeidsmoral er eit krav i jobben.
Vi treng ein person som likar å jobbe med dyr, og som kan ta i eit tak på garden når bonden vil ha fri, eller treng ekstra arbeidskraft.
Søkar må kunne beherske norsk eller engelsk både munntleg og skiftleg.
Landbrukstenester Folgefonna søker etter ein ringavløysar som går i rotasjon hos bønder i Rosendal omegn.
Jobben består av mjølking av kyr, fôring av storfe og sau, i tillegg til forefallande arbeid, slått og vårarbeid.
Størrelsen på gardsbruka er frå små til mellomstore. Lausdrift og båsfjøs.
Det er eit krav at arbeidstakar har sertifikat kl B. Og ein fordel om arbeidstakar har sertifikat i kl T.
Jobben passar godt for ein person som likar å jobbe med dyr, trivst med fysisk arbeid, og som vil produsere mat til den norske befolkning.
Tett oppfølging under opplæring, lønn etter tariff, og gode helseforsikringar.
Firmabil vil bli tilbudt.
Landbrukstenester Folgefonna er eit avløysarlag som hjelper bøndene med å skaffe arbeidskraft til sjukdom eller ferie og fritid. Vi har ansvar for 15 kommunar, i Hallingdal og Hardanger.