IKT-lærlingrettleiar – form framtidas IKT-fagfolk!
Vestland fylkeskommune er ein av dei største aktørane innan IKT-opplæring i regionen, og vi søkjer no ein engasjert IKT-lærlingrettleiar som vil gjere ein reell skilnad for lærlingar i IT-driftsfag! Stillinga er nyoppretta på førebels toårig engasjement.
Som IKT-lærlingrettleiar vil du ha ei sentral rolle i å følgje opp og støtte IKT-lærlingane våre med behov for tilpassa opplæring. Du vil jobbe tett på lærlingane og sikre at dei får ei god opplæring i tråd med læreplanen for IT-driftsfag.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Du er ein person med hjarte for opplæring og fagleg utvikling. Du trivst med å jobbe tett på folk, er god på rettleiing og har IKT-fagleg bakgrunn. Du forstår kva det vil seie å vere lærling og veit korleis ein skapar eit trygt og godt læringsmiljø.
Vi ser etter deg som er:
Stig Thomas Boge, leiar, 48356915
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149556620
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.