Farnes skule har ledig 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27, og fram til 31.12.27.
På Farnes skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.
Farnes skule er ein kombinert 1.–10.-skule med om lag 350 elevar. I tillegg har me skulefritidsordning med tilbod til rundt 100 barn. Til saman er det om lag 64 tilsette ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar, skuleleiing og administrative støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med brei kompetanse og tett samarbeid rundt elevane.
Visjonen vår er:
Våre sentrale verdiar er trivsel, respekt, tryggleik og meistring. Desse verdiane ligg til grunn for arbeidet vårt kvar dag, både i møte med elevane og i samarbeid mellom dei tilsette.
Undervisninga er organisert i to skulebygg, eitt for 1.–7. trinn og eitt for 8.–10. trinn, noko som legg til rette for eit godt læringsmiljø tilpassa ulike alderstrinn. Skulen har ei breitt samansett leiing og støtteapparat med rektor, avdelingsleiarar, rådgjevar, IKT-koordinator og spesialpedagogisk koordinator.
Farnes skule vart sertifisert som dysleksivenleg skule i 2010, noko som kjem til uttrykk gjennom systematisk og inkluderande lese- og skriveopplæring for alle elevar. Me er òg ein mobbefri skule, og arbeider målretta for å sikre at alle elevar opplever eit trygt og inkluderande skulemiljø.
Hjå oss skal elevane bli sett, utfordra og få oppleve meistring. Som lærar blir du ein viktig del av dette arbeidet.
Som lærar ved Farnes skule får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Stillinga kan innehalde undervisning både på barne- og ungdomssteget, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. Ved undervisning på ungdomssteget kan oppgåver knytte til eksamen vere aktuelt.
Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan òg bli vurderte.
For oss er det viktig at du ynskjer å bidra både til elevane si utvikling og til fellesskapet blant dei tilsette.
Me ynskjer oss ein kollega som:
Kjenner du deg att i dette og har lyst til å bli ein del av laget på Farnes skule? Då håpar me å høyre frå deg!
Andre opplysningar:
Link til søknadsskjema:
Søk herNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.