Dagleg Leiar
Årdal Teknologipark søkjer ein positiv, strukturert og serviceinnstilt administrasjons- og servicemedarbeidar i 50 % stilling.
Ei variert rolle der du får ein viktig funksjon i den daglege drifta av teknologiparken og bidreg til at både besøkande og leigetakarar får ei god oppleving.
Vi ønskjer ein person som:
Er strukturert og sjølvstendig
Har gode samarbeidsevner og eit positivt vesen
Likar å yte god service og skape gode opplevingar for andre
Er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver
Tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast
Vere vertskap for besøkande og gjester i Årdal Teknologipark
Koordinere bookingar og leggje til rette for møte, kurs og arrangement
Fakturering og enklare administrative oppgåver
Informere brukarar og besøkande om rutinar og retningslinjer i lokala
Bidra til orden, trivsel og god service i teknologiparken
Andre førefallande administrative og praktiske oppgåver
Ei variert og sjølvstendig stilling i eit spennande næringsmiljø
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte menneske
Moglegheit til å vere med og vidareutvikle Årdal Teknologipark
Løn etter avtale
Vi skal legge til rette for ny industri og næring i Årdal gjennom bygg, areal, infrastruktur og teknologi, samt koordinere og støtte samarbeid mellom eksisterande og nye aktørar i Årdal og regionen.
Våre eigarar er Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi Holding. I saman sikrar vi trygg tilrettelegging for industri- og næringsutvikling i Årdal med ei veksande eigedomsportefølje.
Selskapet arbeider tett og koordinert saman med Årdal Utvikling og Sitep, med eit felles mål om å sikre eit meir robust næringsliv i kommunen. Arbeidet vårt er forankra i det lokale næringslivet og vi er ein pådrivar for samarbeid og etablering.
Her har vi samla eit mangfald av kompetansebedrifter innan eit breitt spekter av fagområde, alt frå gründerbedrifter som produserer alger til Hydro sitt senter for forsking- og teknologiutvikling innan aluminiumsproduksjon.