Føde,-barsel,-og gynekologisk avdeling har ledig to faste 100 % stillingar som sjukepleiar frå 04.01.2027
Ønskjer du faglege utfordringar og trivast i ein varierande, men til tider hektisk kvardag ? Då håpar vi du søkjer hos oss.
Om oss.
Avdelinga er ein kombinert føde-, barsel- og gynekologisk sengepost. Hos oss arbeider jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar tett saman i eit godt og inkluderande tverrfagleg miljø.
Som sjukepleiar hos oss vil du i hovudsak ha ansvar for pleie, behandling og oppfølging av gynekologiske pasientar. Vi har eit tett samarbeid med gynekologisk poliklinikk.
Stillinga inneber tredelt turnus. Vi har også moglegheiter for langvakter på helg.
Ta gjerne kontakt for spørsmål om stillinga. Vi håpar å høyre frå deg og ønskjer deg velkomen som søkjar til vårt team!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Beathe Håkonsen, Einingsleiar, (+47) 578 39 588
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5151575250
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.